Introkurs: Naturvenleg planlegging

Varigheit: 4 timar over 1-2 dagar

Form: Fysisk eller digitalt

Pris: 8500 kr på grupper inntil 5 personar, +1100 kr per deltakar utover dette
evt. reise for kurshaldarar er ikkje inkludert i prisen


Passar for planleggarar, arkitektar, landskapsarkitektar, kommunar, lokalpolitikarar, interesseorganisasjonar

Eit kort innføringskurs som kan haldast over 1-2 dagar. Her vil me gi ei grunnleggande innføring i kvifor naturvenleg planlegging er viktig og korleis ein kan anvende det i prosjekt for å bidra til å nå måla i naturavtalen og liknande. Kurset er forelesningsbasert og kan haldast fysisk eller digitalt.

I kurset kjem me inn på tema som natursyn, handtering av natur og landskap i plansystem og eksempel på korleis ein kan jobbe for å minimere konsekvensar for miljø og samfunn gjennom design.

Dersom dette kan vere aktuelt for deg eller di bedrift tilpassar vi gjerne opplegget for dykk!

Kontakt oss for meir info eller bestilling